Topp stemning på Skånevik Bluesfestival
Det var godt med folk på Bluesfestivalen allereie torsdag kveld. Vêret var over all forventning og det oste av god stemning.
Skånevik Bluesfestival 2025 opna allereie onsdag kveld med bandet Hereide and the Bluesgangsters. Bandet hadde oppstart i 2005 og tok i mot talentprisen under Skånevik Bluesfestival i 2006. Vokalist og trommis, Bård Henrik Hereide er sjølv frå Skånevik.
På torsdag kveld var det god stemning blant publikum. Arrangøren av festivalen, Alf Warloe Christophersen, informerer om at det var meir folk på torsdagen i år enn i fjor. Tal på campingvogner og båtar var nokså likt som i fjor.
— Det var god stemning i går, men det kjem til å bli endå betre på fredag, seier Christophersen.
Reiser langt for den gode stemninga
Fleire har reist langt for å dra på festivalen. Blant dei var Anne Synnøve Rosåsen og Grethe Lillemo frå Grimstad. Damene hadde køyrd mange mil for å oppleve sitt fjerde år på Bluesfestivalen. Dei hadde kledd seg opp i flotte fargar og bidrog med god stemning.
— Det er alltid god stemning her. Alle er så hyggelege, seier Anne Synnøve Rosåsen smilande.
Dei to damene frå Grimstad gleda seg til å sjå Staysman (Stian Thorbjørnsen) opptre på Laurdag. Likevel var dei mest begeistra for den gode stemninga som alltid finn plass under Bluesfestivalen.
Nokre andre damer som hadde tatt turen var Ingvill H. Sørbø, Annbjørg Røyksund, Linda Fjelde og Stine Eike frå Haugesund. Det var ikkje første gong dei besøkte Skånevik for Bluesfestivalen.
— Det blir ikkje blues utan oss, Seier Ingvill H. Sørbø leande.
Dei kosa seg spesielt når Goodfoot spelte tidlegare på kvelden.
Sambuarane Ruben Jespersen og Maren Hesjedal synest at det var ein fin festival med flinke artistar og god stemning.
— Me gler oss til å høyre D.A.D, Ingenting og Staysman, fortel Maren Hesjedal.
Bredt utval av artistar
I år er det eit stort utval av ulik artistar og band kvar dag. På torsdag var det bluesrock-bandet Tubesnakes frå Stord som opna programmet klokka 18:45. Det amerikanske bandet Kenny Wayne Shepherd Band byrja avslutningskonserten klokka 22:45.
Tidlegare på kvelden spelte Morten Rødne Band frå Ølen. Gitaristen i bandet, Morten Rødne, seiast å vere den nest beste bluesgitaristen i Noreg. På scenen saman med han finn me far hans, Rune Rødne, på keyboard, Aage Halleland på trommer og Anders Lunde på bass. Dei serverte publikum blues, rock og funk.
Kenny Wayne Shepherd Band hadde reist heile vegen frå USA for å spele i vesle Skånevik. Då dei entra scenen auka folkemengda i publikum, og ein kunne sjå at dette var noko folk hadde gleda seg til. Bandet var sjølvsikre på scena og spelte både blues og rock. Gitaristen Kenny Wayne Shepherd viste fram gitar-skillsa sine medan publikum jubla. Han er også svigersonen til Mel Gibson.
Fredag og laurdag
På fredag er det den ferske artisten TAUS frå Voss som byrjar showet på ettermiddagen. Tidlegare på dagen skal Morten & Silas spele på Villmarksleiren. Dei som har fått æra av å ende showet på fredag er det danske rockebandet D-A-D, som er ein av årets hovudtrekkplaster på Bluesfestivalen. Konserten set i gang ved midnatt.
Laurdagen består blant anna av Admiral P, Ingenting og Staysman. Dette er artistar fleire ser fram til å høyre. Dagen byrjar allereie klokka 13, då ein kan høyre det lokale bandet Kviin.