— Opplysninga om at tomta blei gitt i gåve stemmer ikkje. Ungdomslaget kjøpte tomta i 1943 for 1.500 kroner, seier leiar Ivar Krakk i Øvre Vats ungdomslag til Grannar.
Han blei valt til leiar i det sist valde styret, som har ifølgje Krakk har fungert sidan 1990-tallet. Han har lagt fram både kjøpekontrakt og skøyte som underbyggjer dette. For ordens skuld: 1.500 kroner i 1943 tilsvarar ifølgje priskalkulatoren til Noregs Bank 40.736 kroner i 2024.
Ønskjer sal
Grannar har vore i kontakt med Anne-Lise Døvik, som seier at ho ikkje trekkjer i tvil dei nye opplysningane om at tomta blei selt. Det er 81 år sidan eigedomen blei overdratt. Ho fortel at ho og broren la til grunn opplysningar henta frå digital grunnbok hos Statens Kartverk. I den digitale grunnboka står det, av uvisse grunnar, at tomta blei overdratt til Øvre Vats Ungdomslag for null kroner i 1946.
Uavhengig av korleis ungdomslaget blei eigar av tomta, står ho fast ved at ho og broren meiner at tomta, som har lege brakk lenge, bør seljast, då det ikkje har vore aktivitet i laget sidan 1990-talet.
— Det er det denne saka handlar om for vår del, understrekar ho.
— Styret avgjer
Ivar Krakk seier seg samd med Døvik-syskena om at Vindafjordhallen er eit godt føremål, men er klar på at det må vere styret som avgjer korleis midlane skal brukast. Han opplyser vidare at det truleg vil bli kalla inn til årsmøte i laget om ei stund. Då vil det kunne bli eit spørsmål om nye krefter vil tre inn i styret i ungdomslaget, eller om det skal leggjast ned.
Krakk viser elles til at Grannar skreiv at tomta har lege brakk sidan 1970-talet. Han viser til at ungdomslaget let Vindafjord kommune disponere tomta til ei hinderløype, som var i bruk av Øvre Vats skule fram til den blei nedlagd etter skuleåret 2002/2003.
— Som kompensasjon fekk me bruke skulen til møter og aktivitetar, fortel han.
Det er eit faktum at det ikkje har vore nokre aktivitetar i regi av Øvre Vats ungdomslag sidan 1990-talet, og at det heller ikkje har vore kalla inn til årsmøte sidan den tida. Krakk fortel at laget i tillegg til to tomter disponerer ein konto med 53.000 kroner. Han legg til at laget har delt ut midlar i tråd med vedtektene sine. Desse vedtektene har styret ikkje lyktast i å finne, men det skal mellom anna stå at ein kan dele ut gåver til ideelle føremål. Laget har dei siste åra gitt gåver til 4H, speidaren og støtte til ei gatelykt.
Konto-utfordringar
Krakk har merka seg at det er reist spørsmål om kvifor laget sine midlar er knytte til ein konto som kasseraren i laget er personleg ansvarleg for. Her viser Krakk til krav frå bankane i seinare tid, om at ein frivillig organisasjon må vere registrert i Brønnøysundregistra for å få eigen bankkonto.
— Eit slikt krav gjaldt ikkje då det sitjande styret blei vald, presiserer han.
Difor står laget sin midlar på ein konto som kasseraren reint formelt er personleg ansvarleg for.
— Om kasseraren skulle falle frå, blir ansvaret formelt overført til meg i tråd med eigen avtale med banken, opplyser Krakk.
Dagens styre ser ikkje behov for å registrere laget i Brønnøysundregistra, grunna dette.
— Det får bli opp til eit eventuelt nytt styre å vurdere, seier Krakk.