Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tjuvstarta på 17. mai-festen

Publisert Sist oppdatert

Det er tysdag og seks dagar til nasjonaldagen, og første til og med sjuande klase ved Ølen skule stiller seg opp og er klare til avmarsj. Målet er Ølen omsorgssenter.

Sidan det ikkje er folke- og barnedag på årets 17.mai, eller lite tradisjonell fest grunna koronarestriksjonar, fann lærarane ut at dei skulle ta litt av feiringa på førehand. Utstyrt med kvar sitt flagg, sjølvlaga faner, heiarop, musikk og song marsjerte dei 160 elevane frå skulen, gjennom Sjoargata, opp på E134, forbi rådhuset og til Ølen omsorgssenter.

Her tok fjerdeklasselærar Anne Grethe Djuve regien og starta det store skulekoret. Norge i Rødt, Hvitt og Blått og andre kjente songar frå 17. mai ljoma over plassen framfor omsorgssenteret der både tilsette og bebuarar kom til vindauga og verandaar for få med seg det fargerike og flotte opptrinnet.

Powered by Labrador CMS