Reidun Hedetoft (95) fortel engasjert frå starten av Hogganvik Landsby til Kjell og Guri Ravatn.
FOTO: NILS TOKHEIMFOTO: Nils Tokheim
Tilbake der det starta
Det er lite som er typisk Vindafjord i Hogganvik Landsby. Ein høyrer mange ulike dialektar og aksentar. På ein måte heng dette saman med det som har skjedd i Hogganvik dei 250 siste åra. Det kom båtbyggjarar og folk med økonomiske ressursar frå andre stader i Noreg og utanlands. Namna var ikkje typisk lokale under båtbyggjaråra. Ein fann namn som von Krogh og de Fine, og seinare Magnus då son av presten i Skjold med anar frå Holland gifta seg til garden. Sistnemnde namn lever enno i grenda, og etterkomarar av dei andre namna finn ein òg. På same måte som bøkeallèen og lindeallèen frå den tida framleis står.
Det var ikkje så enkelt i starten
— Den kvelden me kom til Hogganvik hadde husa stått tomme ei tid. Det var tusen fluger på soveromma, hugsar Reidun Hedetoft eller tante Reidun» som ho for det meste vert kalla både i Hogganvik og i Vikedal kor ho bur.