Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Elevane på mellomtrinnet kom til finalen. Fremst: Tomine Høviskeland Halvorsen, Ingvild Tveit, Theo Aksdal Maurangsnes, Andreas Xie Juel, Sivert Tyssebotn Svendsbøe. Bak: Lucas Dommersnes, Gabriel Bjørnevik, Kuba Storonowicz, Egil Nesse Jacobsen, Jonas Aksdal Maurangsnes.

Til finalen i lesekonkurranse

Publisert

 — Det var veldig kjekt å vera med på konkurransen. Heile skulen var med, og me i 5., 6. og 7. klasse blei trekt ut til finalen. Det var 170 klassar med og fem som blei valt ut til finalen, seier 6. klassingen Theo Maurangsnes, Sivert Tyssebotn Svendsbøe som går i 5. klasse og Gabriel Bjørnevik 7. klasse.

BookBites Skule er ei digital plattform for lesing og leselogg som blir brukt i skulen. Julekonkurransen gjekk over to veker i desember månad og deltakarane i konkurransen kunne lesa e-bøker, høyra på lydbøker eller lesa bøker i papirform. Ved Vik skule har elevane valt papirbøker og nesten kvar einaste skuledag har dei sett av litt tid til lesing. Dei ivrigaste elevane har også brukt fritida si på lesing.

— Me har berre lese bøker, ikkje på nett. Me har lese på skulen og heime og me har lese fleire bøker kvar, seier dei tre gutane.

Powered by Labrador CMS