Kari Johansson, leiar i Skånevikspeidarane, mottok 150.000 kroner av Aslaug Johansson Taraldsøy og Rune Ramsvik på vegner av Sparebankstiftinga Etne.

Tidleg julegåve til skånevikspeidarane

Aslaug Johansson Taraldsøy (13) gjekk heilt til topps i førjulskonkurransen til Sparebankstiftinga Etne.

Publisert

Premien var eit ærefullt oppdrag: Å dela ut 150.000 kroner til eit lag eller ei foreining ho sjølv valte. Gåva gjekk til skånevikspeidarane, som no kan setja i gang med etterlengta oppussing av Speidarhuset.

Konkurransen, som Grannar tidlegare har skrive om, gjekk føre seg på Instagram, der ungdommar mellom 13 og 30 år kunne koma med framlegg til kven som burde få pengegåva – og kva prosjekt midlane skulle brukast til. Éin deltakar blei trekt ut som vinnar, og fekk høvet til å dela ut gåva før jul.

For skånevikspeidarane blei overraskinga ekstra stor. Leiar Kari Johansson blei både rørt og glad då dottera overraska henne med sjekken under adventsstunda på Skånevik skule, der ho er tilsett, og dottera er elev.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS