Tevlar med nål og tråd
Det er ei spent og litt nervøs Viktoriya Shulga Halleland (48) som benkar seg framfor fjernsynet i kveld, når NRK har premiere på sin andre sesong av Symesterskapet. Etne-dama er nemleg ein av deltakarane i programmet.
Fram til no er det berre ektemannen Nils som har visst at Viktoriya har vore ei av dei åtte utvalte deltakarane til andre sesong av Symesterskapet, som har premiere på NRK1 i kveld. Ikkje ein gong arbeidsgjevaren hennar ved Kyrping vegkro og bensinstasjon, fekk vita kva ho skulle då ho spurte om permisjon til noko svært viktig» i slutten på mars. Og i april reiste ho til Oslo, for å gjennomføra opptaka til årets sesong.
— At eg til slutt blei plukka ut som finalist, er heilt fantastisk. Då eg såg første sesong av programmet i november i fjor, blei eg heilt hekta. Eg sat med penn og papir og tok notat av alt som blei sagt og vist, og då programmet var ferdig, såg eg alt på nytt på nettet, seier ho.
I vinter annonserte NRK med ny sesong av programmet, og då var Halleland kjapp til å melda seg på. Etter fleire intervjurundar både i Bergen og Oslo, blei ho til slutt tatt ut som finalist.