Teiknetalent klar med nye eventyr
Ei spalte i Grannar då ho var elev på Etne vidaregåande skule si media og kommunikasjonslinje blei eit viktig steg mot barndomsdraumen. Nå gir Helen Kaldheim (26) ut si første forlagspubliserte teikneseriebok, med det store forlaget Egmont.
— Eg føler dette er starten på draumen og eit stort mål som er nådd, fortel Kaldheim om bokprosjektet.
Ordinært sal startar 20. februar, men boka er allereie tilgjengeleg for førehandsbestilling på Norli sine nettsider.
Starta ung
Kaldheim er født og oppvaksen i Odda, men er sterkt knytt til Etne, mellom anna slekt som ho besøker i jula og andre gonger ho har moglegheita. Ho teikna sin første teikneserie allereie i barnehagen. I andre klasse hadde ho ei definerande oppleving då ho besøkte Odda bibliotek.
— Der såg eg ei Manga-bok. Eg blei forelska i sjangeren, og har vore opphengd i Manga-teikneseriar sidan, fortel Kaldheim.
Manga er ein japansk teikneseriesjanger. Det er denne sjangeren Mørkalven er i, berre at ho bruker vanleg norsk kronologi og fargar (japansk er bakfrå og i svart-kvitt). Ho skjønte tidleg at ho ville bli teikneserieskapar.
— Mamma sa eg var heldig som visste kva eg ville bli veldig tidleg. Andre var kanskje meir skeptiske, men dei fleste hadde trua på meg, seier 26-åringen.
Lang veg
Frå 2011 til 2014 gjekk Kaldheim på vidaregåande skule i Etne. I andre klasse førte eit skuleprosjekt ho til Grannar, kor ho fekk fortsette etter at prosjektet var ferdig. Fram til ho begynte på folkehøgskule hadde ho teikneseriespalta Kåre i lokalavisa.
— Eg føler at tida i Etne var første gong eg hadde lærar som skjønte at eg ville bli teikneserieskapar. Jobben i Grannar var første steg inn i teikneseriebransjen. Folk trudde på meg, seier Kaldheim.
Etter perioden i Etne gjekk ho på teikneserielinja på Birkelid folkehøgskule i to år. Det andre året var den dyktige jenta til og med vikarlærar på linja. Så bar det vidare til Høyskolen Kristiania i Oslo og to års utdanning i illustrasjon.
Sidan har ho gjort småjobbar innan illustrasjon, blant anna teikneseriar, i tillegg til å jobbe som barista. Kaldheim jobbar konstant med teikneseriar og deler stadig smakebitar med sine 11.000 følgjarar på Instagram. Nå er ho klar for forlagsdebut under mediegiganten Egmont, som blant anna eig TV 2, sine vingar.
— Eg meldte meg inn i ein episk teikneseriekonkurranse dei stod bak. Eg trur det var litt fordi Nordlys-teikneserien har gjort stor suksess og at dei var på utkikk etter fleire episke teikneseriar. Der kom eg på tredjeplass. Etter det heldt dei kontakt med meg og ville at eg skulle gjere ferdig denne boka, fortel Kaldheim.
Historie om å ville passe inn
Før Kaldheim blei plukka opp av Egmont gav ho ut to sjølvpubliserte pocketbøker og eit magasin. Den eine pocketboka er ein tidleg versjon av boka som nå blir gitt ut. Prosjektet rundt Mørkalven begynte på folkehøgskulen.
— Boka er ein fantasy-teikneserie med Manga-stil. Den handlar om mørkalven som er den siste av sitt slag fordi alle mørkalvar er drepne. Han må leve i eit samfunn med berre kvitalvar. Det er tøft for han, fordi der er det ein del rasehat i samfunnet. Det blir eit eventyr om å det ikkje klare å passe inn. Han får til slutt ein kompis som også er annleis. Så får han vite av læraren sin at det finst ein stad der alle rasar lever saman. Målet hans blir å komme seg dit, fortel teikneserieskaparen om utgivinga.
Målgruppa for boka er ungdomar. Sjølv om nokre av elementa kan kjennast igjen frå den verkelege verda vil ikkje Kaldheim seie at boka er så veldig politisk, men heller skal vere noko mange som kjenner seg annleis skal kjenne seg igjen i.
— Det er mykje magi, kjærleik og kamp, og skal vere ei spennande bok å lese, seier Kaldheim.