Ozcan Mestanli er om få veker klar for å servera vindafjordingar, campingfolk og forbifarande i Vikedal, slik som i Etne. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Ozcan Mestanli er om få veker klar for å servera vindafjordingar, campingfolk og forbifarande i Vikedal, slik som i Etne.

Næringsliv

Tar over kro og motell

Ozcan Mestanli (50) skal frå 1. april driva kroa og motellet i Vikedal sentrum.

Publisert Sist oppdatert

Under namnet Biografen Cafe driv Ozcan Mestanli frå før kafé og catering i Etne, Aksdal og Haugesund. Han har vore i bransjen sidan han starta opp i Haugesund i 2002.

Liknande konsept

Mestanli eig òg bensinstasjonen og kaféen på Kyrping, men for eit års tid sidan leigde han bort drifta av kaféen og kiosken. Bensinpumpene driv han framleis sjølv.

— Eg ser for meg at me startar opp i Vikedal med eit ganske likt konsept som Biografen Cafe dei andre stadene. Det vil seia kafé, takeaway, catering, middagsservering og selskapsutleige. I Vikedal er det i tillegg motellrom, og dei skal me òg ha ansvaret for, seier Mestanli.

Han fortel at kulturarrangement på kveldstid kan bli aktuelt, men at hovudfokuset i første omgang vil vera på basisdrifta.

— Det er meir aktuelt til hausten å få i gang ting på kveldstid, seier han.

Reint organisatorisk blir Vikedal Kro og Motell ei avdeling under Biografen Cafe AS i Haugesund, på same måte som kaféen i Etne Senter og på Aksdal.

Ozcan Mestanli har lang erfaring i bransjen.

Vinterstengt

Sverre Hustveit er styreleiar og medeigar i Vikedal Kro og Motell AS, som dei siste åra har slite med å få drifta til å gå i pluss. Han er glad for at det har kome i stand ein avtale no, før både påske og sommarsesongen, for verksemda som ligg midt i sentrum langs Vikedalselva.

— Sjølve kaféen har vore stengd sidan oktober i fjor, men me har drive utleige av rom gjennom vinteren, fortel han.

Hustveit seier at det ikkje er sett ei konkret tidsramme for samarbeidet med Biografen, men at han har tru på at dette skal bli bra.

— Me prøver dette, og så får tida visa korleis det blir organisert seinare, seier Hustveit.

Vikedal Kro og Motell.
Powered by Labrador CMS