Nye smittevernråd frå myndigheitene er knytt til besøk på kjøpesenter og butikkar.Arkivfoto
Tar nye grep i kampen mot korona
Blant dei nye råda som trer i kraft i dag er avgrensingar knytt til besøkstal på kjøpesenter og butikkar. Alle kjøpesenter og butikkar blir tilrådd å innføra avgrensingar på besøkstal slik at det er mogeleg å halda avstand, samt ha tilgangskontroll. Regjeringa vil om få dagar vurdera om det skal forskriftsfestast avgrensingar og tilgangskontroll. Blant dei nye tiltaka står også nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement, og avgrensingar knytt til talet på personar som kan samlast privat og utanfor heimen.
Unngå gjester
Myndigheitene rår folk til å unngå private besøk dei neste 14 dagane. Unntaket er folk som bur aleine. Dei kan ha besøk eller gå på besøk til ein til to faste vener eller til ei fast husstand. Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs blir tilrådd utsett til 18. januar. Ein bør unngå unødvendig reise i inn-og utland og alle som har høve til det bør nytta seg av heimekontor.