Eit nytt prosjekt i barnehagar og skular i Etne har som mål å førebyggje uønskja åtferd blant barn og unge. Kommunalsjef for oppvekst, Mona Rasmussen Sævik, håpar på gode resultat. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kommunalsjef Mona Rasmussen Sævik for oppvekst i Etne kommune er glad for at dei får kvalifiserte søkarar til stillingane sine.

Tar grep mot uønskt åtferd

Som i resten av landet opplever også Etne kommune ei auke i utagerande åtferd blant unge. No tar kommunen eit nytt initiativ til at barnehagar, skular og heimane skal samarbeide om å motverke den negative utviklinga.

Publisert Sist oppdatert

— Det har vore ei auke i utagerande åtferd den siste tida i både barnehage og skule. Dette ønskjer me sjølvsagt å ta tak i, og me treng føresette tett med i arbeidet, seier kommunalsjef for oppvekst i Etne kommune, Mona Rasmussen Sævik.

Ho fortel at det blir jobba mykje med å skapa trygge og gode dagar i einingane i kommunen, og at ein i det siste halvåret har arbeidd aktivt med å utvikla ein eigen plan for å førebyggja omsorgssvikt og utagerande åtferd blant barn og unge i kommunen. Arbeidet har involvert både barnehage, skule og heimane, med representantar frå Foreldra sitt arbeidsutval (FAU) både frå barnehage og skule. I tillegg har støtteeiningane PP-tenesta, barnevern, helse og Nav vore med i arbeidet.

— Kommunen ønskjer å leggja til rette for trygge og gode oppvekstvilkår for alle barn og unge, og dette krev eit tett samarbeid mellom tenestene og heimane, understrekar ho.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS