Brannsjef Dag Botnen i Haugaland brann og redning IKS.
Arkivfoto
Talet på pipebrann aukar i sprengkulda
I periodar med kaldt vêr er det mange som tyr til vedfyring for å halda varmen. Det kan auka risikoen for pipebrann.
I Vindafjord kommune var det i perioden
2016 til 2025 registrert 39 pipebrannar, viser tal frå Haugaland Brann og
Redning. Karmøy hadde 39 pipebrannar i same periode, i Tysvær var det
registrert 23, Sveio hadde 9, Sauda 45, Suldal 35 og Haugesund 42.
— I vårt distrikt har vi hatt
139 pipebrannar i perioden 2016-2025. Det betyr eit snitt på 14 pipebrannar i
året, seier brannsjef Dag Botnen i Haugaland Brann og Redning IKS.
På landsbasis blei det i 2025 registrert
1096 pipebrannar her til lands. Dei to vintermånadane januar og februar toppa
statistikken med 249 brannar i januar og 240 i februar.