Spoofing er ein svindelmetode som går ut på å kamuflere seg bak eit falskt telefonnummer. Fleire Økokrim-tilsette opplever å få kontaktinformasjonen sin misbrukt.
Foto: Tore Meek / NTB / NPK
Svindlarar gir seg ut for å vere Økokrim
Svindlarane nyttar seg av falske telefonnummer slik at dei står fram som tilsette i Økokrim.
– Svindlarane som ringjer, er gode på sosial manipulasjon og opptrer profesjonelt og høfleg. Dei kan la deg tru dei veit mykje om deg, samtidig som dei speler på kjensler, som frykt eller stress, ved at dei seier at pengar er på veg ut av kontoen din eller at nokon er i ferd med å ta opp lån i ditt namn, seier Fredrik Lykken, fagleiar for førebygging i Økokrim, i ei pressemelding.
Svindlarane sender også tekstmeldingar for å lokke folk i fella. NRK
melder at Lykken stadig blir ringd opp av folk som trur han har teke kontakt.