Lesaren melder
Studietur til Gambia – ei oppleving for livet!
Eg føler meg utruleg heldig som fekk høvet til å vera med 4H Noreg på studietur til Gambia. I 16 dagar har eg fått oppleva ei heilt magisk boble!
I 1987 var Norges Vel på besøk ved Chamen Agricultural Training Center i Gambia. 4H blei nemnd, og i 1994 starta samarbeidet mellom 4H Noreg og 4H Gambia. Organisasjonen vaks raskt og blei berekraftig. I dag finst det 70 4H-klubbar i Gambia med 14.000 medlemmar. Tor Brekke, som var med på å etablera 4H i Gambia, har sidan den gong arrangert studieturar for å leggja til rette for erfaringsutveksling mellom dei to landa.
I Noreg har medlemmane individuelle prosjekt, mens i Gambia driv landsbyane felles prosjekt. 4H Gambia er ein høgt respektert organisasjon som arbeider med samfunnsnyttige tiltak, for eksempel brønnbygging, treplanting, matproduksjon, dyrehald og rydding av landsbyar. Ungdomane lærer òg organisasjonsarbeid. I tillegg samarbeider 4H med andre gambiske organisasjonar for å styrka rettane til kvinner og jenter.
Ei oppleving for livet
Den 29. desember 2024 starta turen frå Haugesund lufthamn. Eg reiste åleine for å møta resten av gruppa på Gardermoen seinare same dag. Ei spennande, men nervepirrande reise – korleis ville eg passa inn i gruppa, og korleis ville eg takla den lange reisa?
Første natt var det vanskeleg å sova, for vekkeklokka stod på 03.15. Me måtte tidleg av garde til Gardermoen for å rekkja flyet til Brussel, deretter vidare til Banjul i Gambia med ei mellomlanding i Dakar, Senegal. Me starta med to netter ved kysten i Serekunda, på Bamboo Hotel. Der blei me betre kjende og lærte om gambisk kultur. Me fekk veksla pengar i ein liten butikk like utanfor hotellet og ordna gambiske SIM-kort for dei som ønskte det. Gambia har god mobildekning sidan landet er flatt, med Red Rock som høgaste punkt på berre 53 meter. Me fekk òg tid til å kjøpa gåver til vertsfamiliane me etter kvart skulle besøka: sukker, teiknesaker, såpe og Ataya-te.
For å gi eit bilete av økonomien: 1.000 dalasi tilsvarar om lag 160 norske kroner. Eitt kilo sukker kostar rundt 350 dalasi. Ei typisk månadsløn for ein vanleg arbeidar er cirka 4.000 dalasi, mens ein lærar tener mellom 6.000 og 7.000 dalasi per månad. På landsbygda er det få bilar, men motorsyklar, hestar og esel er vanlege transportmiddel. Å fylla opp tanken på minibussen me køyrde kosta 4.000 dalasi.
Berekraftskonferanse
Gambia er eit lite, smalt land langs Gambiaelva, 50 kilometer på det breiaste, men med 2,7 millionar innbyggjarar. Etter to dagar som turistar ved stranda, drog me innover i landet. Me deltok på ein berekraftskonferanse saman med gambiske 4H-ungdomar. Spørsmål som blei diskuterte var korleis me kan bruka naturressursane på ein måte som sikrar at dei òg er tilgjengelege for framtidige generasjonar, og korleis me kan læra av kvarandre for å redusera klimaavtrykket.
Skulen gir dei håp ved å visa korleis dei kan skapa seg eit godt liv i heimlandet.
Rektoren ved skulen fortalde korleis dei utdannar ungdom mellom 18 og 35 år, slik at dei kan skaffa seg arbeid og forsørgja familiane sine. Nokre av elevane er gutar som har prøvd å ta backway» – den livsfarlege reisa over Middelhavet til Europa – men som har blitt sende tilbake. Mange av dei drøymer framleis om ei betre framtid. Skulen gir dei håp ved å visa korleis dei kan skapa seg eit godt liv i heimlandet.
Vertsfamiliar
Me blei tekne imot med song, dans og trommer i dei ulike landsbyane. Barna ville halda hendene våre og sitja på fanget. I den første landsbyen blei me frakta på esel og kjerre til landsbyhøvdingen, ei kvinne som visstnok var 113 år gammal! Me budde to og to saman i landsbyane Kuntaya, Jallubeh og Niamina. Kvar landsby bestod av rundt 25 tun, med murhus, eit felles mangotre, husdyr og gjerder. Nokre stader var det straum, men vatn blei henta frå brønnar. Toaletta var ofte hol i bakken, og dusjing bestod av å hella vatn over seg frå ei bøtte.
I Jallubeh fekk eg særleg god kontakt med familiane og barna. Eg deltok i matlaging, klesvask og leik. Husiton, ein 15 år gammal 4H-medlem, hadde aldri gått på skule og snakka berre stammespråk. I dag er skulegang gratis i Gambia, og dei fleste barn lærer engelsk frå første klasse.
I Jallubeh fekk eg særleg god kontakt med familiane og barna. Eg deltok i matlaging, klesvask og leik.
Det var vinter i Gambia, med 16 grader om morgonen. Folk samla seg rundt bålet for å halda varmen. Midt på dagen nådde temperaturen 38 grader. Me åt to varme måltid om dagen, ofte ris med grønsaker, kylling eller fisk. Til frukost fekk me Tapalappa, ein nydeleg steinomnsbakt baguette. Eit av dei mest spesielle augneblikka var å skylja seg med lunka vatn under stjernehimmelen til lyden av grashopper. På Janjanbureh drog me på elvesafari og såg flodhestar, apekattar og skjelpadder. Øya har ei grufull historie frå slavetida, då menneske blei frakta herfrå til Amerika som slavar.
Takk for turen
Eg er enormt takksam for denne reisa, for menneska eg har møtt og erfaringane eg har fått. Takk til Rogaland 4H, Vindafjord og Tysvær 4H-nemnd og Freidig 4H for økonomisk støtte, samt Apotek 1 i Ølen for å ha sponsa førstehjelpsskrin til to av landsbyane.
Nina Haslemo, klubbrådgivar Freidig 4H