Høgre vil opne for sal av norsk skog til utanlandske interessentar. Det trur ikkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet er ei løysing for meir aktivt skogbruk. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Høgre vil opne for sal av norsk skog til utanlandske interessentar. Det trur ikkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet er ei løysing for meir aktivt skogbruk.

Strid om kven som kan få fart på skogen

NPK: Det er fleire skogeigarar over 70 år enn under 40 i Noreg, ifølgje Norskog. Organisasjonen ønsker at fleire av eigarane sel eigedomen tidlegare.

Når skogeigarane beheld skogeigedomane utan moglegheit til å bruke dei, blir det eit problem, meiner næringspolitisk sjef i Norskog, Benthe Løvenskiold. Då blir skogen ståande og ikkje teken i bruk til blant anna sagbruk, seier ho til NRK Innlandet.

Anna Molberg i Høgre meiner ei løysing for å få utnytta det fulle potensial til skogen er å oppheve buplikt, fjerne priskontroll og gjere det enklare å kjøpe og selje skog i Noreg. Høgre opnar også opp for sal av norsk skog til utanlandske interessentar.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet på si side vil ha eit sterkt statleg eigarskap av skogen.

Emilie Enger Mehl i Senterpartiet trur ikkje dei vil finne løysinga for eit meir aktivt skogbruk utanfor grensene.

— Skogen er Noregs gull for framtida. Om vi sel den ressursen no så har vi gjort det for all framtid. Det er heilt galskap, seier Mehl til NRK.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS