Lesaren melder
Stortingskandidat på næringslivsbesøk
Rogaland KrF sin førstekandidat til stortingsvalet i haust, Jonas Andersen Sayed, tilbrakte onsdagen i Vindafjord. Dagen starta med bedriftsbesøk i Nedre Vats hos Hatteland og heldt fram hos Ølen Betong i Ølensvåg. Det var også lagt inn eit kort besøk på kommunehuset og der møte med varaordførar Gustav Løge Fosse og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen.
Klar melding blei gitt frå Hatteland til stortingskandidaten om å bidra til å kutte formuesskatten på arbeidande kapital (aksjar og driftsmidlar). Andersen Sayed kunne raskt melde tilbake at dette er ei prioritert sak for KrF. Det skal løne seg for norske eigarar å investere i lokale verksemder. Det handlar om å skape lokale arbeidsplassar, og mogelegheit for å ta aktiv del i lokalsamfunnet. Ølen Betong var opptatt av føreseielegheit for næringslivet innan rammebetingelsar.
Ettermiddagen og kvelden blei tilbrakt på Lundeneset vidaregåande skole for å snakke om eigne erfaringar som tidlegare ordførar i Sokndal og moglegheitene ein slik posisjon gjer for å påverke og bidra til endring. Vi fekk også eit lite glimt inn i hans store engasjement for Ukraina med ei sterk oppfordring om å støtte opp om motstandskampen som pågår der. Kvelden vart avslutta med årsmøtetale hos Vindafjord KrF med fokus på KrFs satsingsområde for den kommande stortingsperioden. Det handlar om å styrke barnefamiliane sin økonomi, fjerne formuesskatten på arbeidande kapital, importvern som trygger norsk matproduksjon og nei til narkotika med auka mynde og styrking av politiet og tollvesenet sine moglegheiter til å gripe inn for å stoppe eit aukande narkotikabruk.
Leiv Karsten Medhaug
Lokallagsleiar i Vindafjord KrF