Vikedal Roots Music Festival er for alvor i gang.
— Rootsen er ein møteplass der ein møter alle ein kjenner. Alle er i godt humør, seier Merete Imsland Birkeland.
Saman med søstera Anette Imsland Birkeland og søskenbarnet Hanna Imsland, har ho nettopp fått med seg Bigbang i båthamna i Vikedal. Dei var godt nøgde med konserten.