Lesaren melder
Storslått haustfest
Falken 4H i Vikedal arrangerte Haustfest fredag 25. oktober.
Mangfaldig og flott utstilling stod klar med mange forskjellige prosjekt frå klubben sine aspirantar, juniorar og seniorar. Det var eit imponerande skue! Salen i Vikedal Bygdahus vart fylt opp av familie og vener til 4H-medlemmane.
Dei unge konferansierane Andrea Espevoll Leifsen og Petra Blikra losa publikum fint gjennom kvelden. Medlemmane stod for god underhaldning med morosame sketsjar og dans frå scena. Det var òg loddsal med flotte gevinstar frå lokale verksemder.
Det vart vist bildekavalkade frå varierte medlemsmøte det siste året: grautfest, natursti, aking og golffrisbee på Låket, tur til Stråtveit i Vats, spel-, pizza- og prosjektkveld, rushbesøk og bowling i Haugesund, volleyballtreff og kveld i 4H-gammen.
Bilete frå 4H-storkurs på Jæren i mars, fylkesleir i Suldal i juni og aspirantleir The Amazing Race på Bjoa i august vart òg viste, saman med ein kavalkade av årets prosjekt og plakettmottakarar. Det var heile sju plakettmottakarar i år med vel fullført 4H-løp.
Falken 4H gratulerer Astrid Skogen, Elias Leite Frøland, Ida Sofie Årvik Staknes, Ingeborg Klæboe Moland, Marius Aksdal Vestbø, Mathias Reimers Holten Leifsen, May Tirill Staurland og Vårin Grimås.
Falken 4H rettar òg ein stor takk til Tone Kristin Vårvik, som har leia Falken 4H i mange år.
Anne Cecilie Berentsen