Energi
Store planar fascinerte
Haugalandet seglar opp som ein mogleg nøkkelregion i Noreg si satsing på havvind – blant anna gjennom hamneprosjekt i Vindafjord. Nyleg fekk Haugalandsrådet sjå korleis AF Gruppen ønskjer å utvikle miljøbasen sin i Vats.
— No rullar havvind, og me må sikre at me er med på eventyret, sa dagleg leiar Sigmund Lier i Haugaland Vekst under eit møte i Haugalandsrådet i Vindafjordhallen torsdag 23. oktober.
Havvind var eit sentralt tema då ordførarar og kommunedirektørar i Haugalandsrådet møttest i Vats. AF Gruppen presenterte planane sine for satsing på havvind i Vindafjord, før deltakarane fekk bli med på busstur til miljøbasen på Raunes.
Gjennom ein ny reguleringsplan vil AF sikre areal til produksjon og lagring av fundament til havvindturbinar, og til montering og mellomlagring av ferdige turbinar i Vats- og Yrkefjorden før utsleping til Nordsjøen.
Formannskapet i Vindafjord vedtok 10. juni å sende reguleringsplanen – utarbeidd av Norconsult for AF Gruppen – ut på høyring fram til 10. september. Det kom inn 28 høyringssvar, og fleire offentlege etatar bad om utvida frist. Rogaland fylkeskommune, Fiskeridirektoratet og Statsforvaltaren i Rogaland har fremja motsegn til planen.
Fokus på hamner
På møtet gav Lier rådet ei brei statusoppdatering for havvindfeltet. Han var tydeleg på det store behovet for straum i framtida, havvind si rolle og viktigheita av at Haugalandet jobbar saman for å utnytte føresetnadane for å få arbeidsplassar frå næringane til regionen.
— Me må løfte hamnene våre, sa Lier.
Windafjord Port på Dommersnes i Vikebygd, AF Miljøbase Vats og Karmsund Havn sine Haugesund WindPort Haavik og Husøy blir alle vurderte som aktuelle hamner for bygging til havvindnæringa. Myndigheitene har som mål at det innan 2040 skal tildelast område for 30 gigawatt (GW) havvindproduksjon. Nærleiken til Nordsjøen – og til Utsira Nord, som etter planen blir verdas største flytande havvindpark – gjer at mange ser Haugalandet som strategisk plassert.
— AF og Windafjord Port treng insentiv, sa Lier, og peikte på behovet for gode rammevilkår for å realisere hamneplanane.
Karmøy-ordførar Leiv Arne Marhaug kalla verdikjeda i energiproduksjon sin store kjepphest». Han meiner sentralmyndigheitene ikkje har nok fokus på hamnene i havvindssatsinga.
Lier bad Haugalandsrådet om å rigge til eit møte med Statnett og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i Oslo. Han foreslo òg å arrangere ein energidag på Haugalandet, og spurde om Haugaland Vekst har råd til å ikkje vere på den store energikonferansen Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger.
Gunstige forhold
AF stilte med tre representantar på møtet: plassjef John Roger Midtun, prosjektleiar for Havvind Eirik Lind Hånes og kommersiell leiar Olav Ubøe. Det var Lind Hånes som heldt presentasjonen – med fleire av dei same lysbileta som då AF arrangerte folkemøte i august.
Lind Hånes fortalde om AF-konsernet sin aktivitet i fleire land, med i underkant av 6.000 tilsette i dag. Blant anna byggjer dei for tida eit nytt produksjonsanlegg i Ølensvåg. Etter kvart vendte han fokuset mot myndigheitene sine signal om at det skal satsast på havvind.
— Me vil leggje til rette for industrien i Vats, sa Lind Hånes.
Han meiner lokasjonen deira er svært godt eigna fordi området er skjerma, har djup fjord, gode marine forhold og kan handtere alle typar fundament. Gunstige vindforhold og djupna var òg viktige for at bygginga av blant anna plattforma Troll A til petroleumsnæringa i Nordsjøen på 1980- og 1990-talet blei gjort der.
Ifølgje Lind Hånes finst det ingen andre stader med tilsvarande hamnekapasitet i det segmentet som det AF kan få i Vats, dersom reguleringsplanen blir vedteken og realisert. Med full drift kan det bli rundt 1.000 arbeidsplassar.
Etter presentasjonen blei det opna for spørsmål og innspel. Lier peikte på at slike hamner kan gi store lokale ringverknader – mellom anna for lokale leverandørar. Han meinte eit hamneløft må vere med når energiminister Terje Aasland (Ap) skal leggje fram vidare satsing på havvind i 2026. Lind Hånes var samd og viste til at god hamnekapasitet har vore ein viktig suksessfaktor i Danmark.
Opptatt av openheit
Etter møtet fekk Haugalandsrådet omvising på miljøbasen på Raunes. Plassjef John Roger Midtun guida turen og fortalde om drifta medan bussen køyrde rundt på miljøbasen. I dag har dei 70 mål produksjonsområde og 53 tilsette, derav 22 haugalendingar.
Timinga for besøket var god. Helga før kom ein plattform på over 12.000 tonn til Yrkefjorden. Han blei ført over på ein lekter og vidare inn til kaien på basen. Midtun inviterte folk til utkikkspunktet ovanfor basen søndagen etter – og 70 personar møtte opp.
— Me skal ha openheit om det me held på med i Vats, sa Midtun.
Gjestane fekk òg sjå den første aktiviteten knytt til havvind på basen. AF-selskapet RaKon tilbyr vedlikehald og reparasjon av betongfundament til offshore næringa. Rogalands selskapet har no utvikla og bygget avansert grouting (gysing/injeksjon) utstyr som skal nyttast til havvind fundament, og heldt på med eit oppdrag på Raunes.