Bravnnvesenet ber folk vere særs varsamme med bruk av open ild. Dei måtte sløkje to grass- og lyngbrannar på ein time i Skånevik laurdag.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Stor skogbrannfare på Vestlandet

Det blir meldt om lokalt stor skogbrannfare for både Vestland fylke og Møre og Romsdal. Meteorologisk institutt ber folk vere forsiktige med open eld.

– Det er framleis nokre område som ikkje har fått regn av betydning, skriv Meteorologisk institutt.

Det er no utskrive varsel om lokalt stor skogbrannfare for både Vestland fylke og Møre og Romsdal.

Meteorologisk institutt tilrår at ein er varsam med open eld. Det vil vere fare for at vegetasjon lett kan ta fyr og at store område kan bli ramma.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS