Ved hundehotellet Lykkepoten i Vikevegen i Skjold er det berre éin hund som har sjekka inn, men einsam er han likevel ikkje. For Sølvi Nordtveit som driv hundehotellet har ikkje mindre enn 13 hundar som ho eig, og som bur på garden saman med henne. Tolv newfoundlandshundar, kanskje meir kjent som Anton-hund» og éin terrier.
— Hotellgjesten vår har lag i mine hundar, og ser ut til å trivast godt med det, seier Nordtveit.
Fekk 19 kvelpar