Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lesaren melder

Stor folkefest på opninga av dei nye tennisbanane i Etne

Publisert Sist oppdatert

Allereie frå morgonen av var det full aktivitet, med barnekurs der alle plassane var fylte opp av ivrige, unge spelarar. Seinare på dagen var det vaksenkurs med ti engasjerte deltakarar, og stemninga var på topp.

— Me er svært takksame for at Oscar Barrios Torres frå Stavanger Tennisklubb, ein utruleg engasjert trenar opphavleg frå Argentina, tok turen til Etne og leia begge kursa. Engasjementet og den faglege kompetansen hans bidrog sterkt til at både barn og vaksne fekk ei artig og lærerik oppleving, seier leiar i Etne tennis, Harald Ekornrud.

I opningstalen, halden av Andreas Grumheden, blei det lagt vekt på den lange og engasjerte historia til Etne Tennisklubb, som blei stifta i 1989 og har vore eit samlingspunkt for tennisentusiastar i over 30 år. Talen framheva også den nye giva som kom frå 2020, med jamlege treningar og kurs for både små og store, og det store dugnadsarbeidet som har gjort det nye anlegget mogleg. Særleg blei innsatsen til seniorgjengen i Etne IL trekt fram som avgjerande for prosjektet sin suksess.

Powered by Labrador CMS