Trond Berge, administrerande direktør i Omega Subsea.
PRESSEFOTO: OMEGA 365
Næringsliv
Stor avtale for Omega-selskap
— Denne avtalen gjer oss godt rusta for den auka aktiviteten me ser dei komande åra, seier Trond Berge, administrerande direktør i Omega Subsea, i ei pressemelding.
Leveringa av dei 12 ROV-systema er planlagd til 2026, og avtalen inneheld òg ein opsjon på opptil 10 ekstra system i åra 2027 og 2028. Åtte av dei første systema skal støtta fartøys- og subseaoperasjonar for Solstad, medan fire er tiltenkte andre kundar.
Omega Subsea er ein del av Omega-konsernet med hovudkontor i Ølensvåg. Dei leverer ROV-tenester og konsulentar med spesialkompetanse innan undervassoperasjonar til offshoreindustrien. Selskapet er involvert i prosjekt innan olje og gass, fornybar energi og marin infrastruktur, og har ifølgje pressemeldinga eit tydeleg fokus på langsiktig driftsstabilitet. I tillegg til ROV-operasjonar tilbyr Omega Subsea eigne survey- og posisjoneringstenester som støttar offshore-konstruksjon og inspeksjon. Dei har hovudkontor i Bergen og avdelingskontor på Randaberg og i Aberdeen.