Ifølgje Forbrukartilsynet utgjer marknadsføring frå influensarar ein stor del av den digitale økonomien. Dei kommande vekene er dei med på ein større europeisk aksjon for å avdekka om ein treng eit nytt regelverk for merking av reklame. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Ifølgje Forbrukartilsynet utgjer marknadsføring frå influensarar ein stor del av den digitale økonomien. Dei kommande vekene er dei med på ein større europeisk aksjon for å avdekka om ein treng eit nytt regelverk for merking av reklame.

Stor aksjon skal avdekka skjult reklame frå influensarar

Publisert Sist oppdatert
Dei kommande vekene deltek Forbrukartilsynet i ein større tilsynsaksjon i regi av EU-kommisjonen for å avdekka skjult reklame hjå influensarar.

EU-kommisjonen skal bruka resultata dei finn i aksjonen til å vurdera om ein treng eit nytt lovverk om digital marknadsføring. Forbrukartilsynet har lang erfaring med å føra tilsyn med skjult reklame i sosiale medium, skriv dei i ei pressemelding. Dei har òg bidrege aktivt i arbeidet med å betra den europeiske aksjonen.

Marknadsføring frå influensarar har blitt ein stor del av den digitale økonomien dei siste åra, ifølgje Forbrukartilsynet. Reklamen kan vera vanskelegare å oppdaga fordi han blir blanda saman med anna personleg innhald. Men ifølgje marknadsføringslova er det strenge krav til å merka reklame som reklame, slik at det ikkje er tvil for forbrukaren om kva han blir eksponert for.

– Det er viktig at annonsørar og influensarar gjer seg kjende med og følgjer reglane. Forbrukartilsynet har utarbeidd ei eiga rettleiing om reklame i sosiale medium. Der er det informasjon om typar innlegg ein reknar for å vera marknadsføring og krava ein stiller til å gjera reklamen tydeleg, seier direktør Trond Rønningen i Forbrukertilsynet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS