Varaordførar Gustav Løge Fosse (f.v.), ordførar Ole Johan Vierdal og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen.
Foto: Svein-Erik Larsen
Stiller seg bak Haugalandspakken
Berre Mats Årvik (Frp) stemte imot at Vindafjord skal seie ja til å forlenge Haugalandspakken under formannskapsmøtet tysdag. Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) har godt håp om å få med seg resten av kommunane.
— Tidlegare i prosessen trudde eg ikkje me kom til å få alle med, men nå har alle kommunane fått litt av dei siste midla til prosjekt hos seg, fortel Vierdal etter møtet.
Haugalandspakken omfattar mange små og større prosjekt i kommunane Bokn, Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Etne, Sveio og Tysvær.
Avtale går ut
I utgangspunktet går Haugalandspakken ut 1. juli, men alle dei sju kommunane skal behandle ei potensiell utviding fram til ei planlagt bypakke i Haugesund/ Karmøy er i drift, og med maksimal varigheit ut 2026. Det er særleg innkreving av bompengar som ein del av finansieringa som har skapt skepsis mot utviding.
— Det blei gjort ein avtale med innbyggjarane som varer til 2023, sa Årvik, då han forklarte kvifor FrP stemmer nei.
Modolf Haraldseid har ikkje vore heilt fornøgd med verken bompengane eller måten dei har blitt brukt på så langt, men understreka viktigheita av vegprosjekt for blant anna næringslivet.