— Det er ikkje slik at me ønskjer desse kutta. Me svarar på bestillinga me har fåttKommunalsjef for oppvekst i Vindafjord kommune, Nils Erik Eide.Arkivfoto: Jon Edvardsen
— Det er ikkje slik at me ønskjer desse kutta. Me svarar på bestillinga me har fåttKommunalsjef for oppvekst i Vindafjord kommune, Nils Erik Eide.

Sjå dei nye kutt-forslaga

Sterke reaksjonar på nye kutt-forslag i Vindafjord

Kutt i barnehage, skulefritidsordning (SFO), symjeopplæring og sentralisering av alle barn med funksjonsnedsetting i Vindafjord til Skjold skule, er nokre av innsparingstiltaka kommuneadministrasjonen ber politikarane sjå på.

Publisert Sist oppdatert

Dette er kuttforslaga:

• Sentralisering av alle barn med funksjonsnedsetting i Vindafjord til Skjold skule.

• Sentralisere SFO.

• Slutte med ferie-SFO.

• Høgare minstetal på morgon-SFO

• Kutte i pakkar på SFO eller ha høgare pris.

• Kutte i alternativ opplæringsarena.

• Å slå saman leiarfunksjonar ved ha ein einingsleiar for Imsland oppvekstsenter og Vikedal skule, og ein for oppvekstsentera Bjoa og Vågen.

• Sentralisere tilbodet om utøvande logoped til Ølen rådhus.

• Sentralisere kulturskuletilbod og kulturskuletilbodet, eventuelt legge ned delar av tilbodet.

• Berre ha tilbod om symjing på 4. trinn og 10. trinn.

• Berre tilby full plass i barnehage.

• Feriestengt barnehage i heile juli romjul og påske.

• Endre vedtektene i barnehage til at barn skal avvikle fem veker ferie per barnehageår.

Dei skisserte tiltaka blir fremja av kommunedirektøren i Vindafjord i innkallinga til møte i utval for oppvekst og omsorg (OPOM) komande måndag. Der vil dei bli behandla som ei orienteringssak før eventuelle vedtak i budsjettet seinare i år.

Vanskeleg oppgåve

Bakgrunnen for saka er eit vedtak i budsjettet for 2023. Som følgje av at fleirtalet sa nei til kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt forlag om å kutte tre årsverk for hjelpepersonell frå skuleåret som akkurat starta, noko som skulle spare kommunen for kostnadar på 800.000 kroner i 2023 og 1,6 millionar frå 2024.

I økonomiplanen blei den skisserte innsparinga skyvt med eitt år, og kommunestyret gav administrasjonen i oppgåve å utforske kor i oppvekstsektoren ein potensielt kunne spare pengar.

— Det er ikkje slik at me ønskjer desse kutta. Me svarar på bestillinga me har fått, og har snudd alle steinar for å sannsynleggjere kor det kan takast utan at det går utover det som skjer i klasseromma og barnehagane, fortel kommunalsjef for oppvekst, Nils Erik Eide.

Det er ikkje slik at me ønskjer desse kutta. Me svarar på bestillinga me har fått

Nils Erik Eide, kommunalsjef for oppvekst

Han understrekar at det ein veldig krevjande situasjon i sektoren, og at han er fornøgd med innsatsen dei tilsette gjer. Kommunalsjefen seier alle kutta er vanskelege, og skjønner at nokre kan bli oppfatta som dramatiske.

Mindre fleksibilitet

Lokalpolitikar Håvard Rørtveit (H), som sit i OPOM-utvalet, er klar på at det er uaktuelt for Høgre å gå med på dei fleste av dei 13 tiltaka.

— Eg synest forslaga er veldig spesielle. Tidlegare er det sagt at ein ikkje vil drive ostehøvelkutt, men heller gå for strukturelle endringar, seier Rørtveit.

For Rørtveit er 12 av dei 13 tiltaka heilt uaktuelle. Det einaste han ser positivt på er ideen om å få ein felles einingsleiar for Imsland oppvekstsenter/Vikedal skule og ein for oppvekstsentera Bjoa/Vågen.

Håvard Rørtveit (H) reagerer på fleire av kutta som blir skisserte.

— Dette har me løfta tidlegare, og er ikkje eit tiltak som hindrar elevar og foreldre, seier Rørtveit.

Kva gjeld alle reduksjonar og sentraliseringar av barnehage- og SFO-tilbod er han svært kritisk. Dette meiner han at vil gå utover både foreldre og næringsliv.

— Desse tiltaka vil skade familiane sin fleksibilitet, seier Rørtveit.

— Eg heldt på å gå i taket då eg såg forslaga, seier Wenche S. Lilleland.

I eit lesarinnlegg i Grannar ber ho alle foreldre og pårørande om å vakne opp – i klartekst setje seg inn i forslaga som ho oppfattar som dramatiske for mange.

Skulestrukturen sentralt

I økonomiplanen for 2024-2028 ligg det ei gradvis skyving av ressursar frå oppvekstsektoren til helse, som følge av prognoser for demografiutviklinga. Eide trur at det blir ein hard budsjettrunde til hausten.

— Det ligg ein plan om at me skal ned mange millionar dei neste åra. Det er alltid krevjande, seier kommunalsjef Nils Erik Eide.

Med ni skular som alle skal halde bemanningsnormer, meiner han det er på smertegrensa når ein blir bedt om å finne kutt. Kva gjeld talet på skular visar han til skulebruksaka i 2022, der administrasjonen foreslo å legge ned Imsland og Bjoa skule, men ikkje fekk støtte av politikarane. Kommunalsjefen seier at administrasjonen er lojale til dette.

Høgre og Rørtveit stemte for å legge ned Imsland og Bjoa skule. Han trur dei dramatiske forslaga kan vere ein av konsekvensane av at ingen skular blei lagt ned.

— Det er litt uhøyrt at ein har ein skulestruktur med ni skular på 8.900 innbyggjarar, men Høgre er ikkje eit omkampsparti. Strukturen er vedteke, så me må jobbe utifrå det, seier Rørtveit.

Handikapforbundet: — Svært alvorleg

Forbundsleiar i Norges Handikapforbund, Tove Linnea Brandvik, reagerer sterkt på at sentralisering av elevar med funksjonsnedsettingar til Skjold skul er på lista over moglege innsparingar i oppvekstsektoren i Vindafjord.

— Blir dette verkelegheit blir Vindafjord ein kommune som behandlar barn med funksjonsnedsettingar annleis enn andre, som nektar nokre barn tilhøyrsle på nærskulen og i lokalmiljøet sitt. Utifrå det me har sett i denne saka er dette eit forslag om svært alvorleg diskriminering og utestenging, seier Brandvik.

Ho har blitt førelågt heile møteinnkalling til møtet i oppvekst og omsorg (OPOM) kommande måndag, budsjettvedtaket for 2023 og at kommunen har ni skular i ni bygder.

Tove Linnea Brandvik i Norges Handikappforbund reagerer sterkt på forslaget om å sende alle med elevar i Vindafjord med funksjonsnedsettingar til Skjold skule.FOTO_ Erik Lundby/Jubafilm

Sårbart

Kommunalsjef for oppvekst, Nils Erik Eide, fortel på generelt grunnlag at dei 13 innsparingstiltaka dei har skissert handlar om å gi politikarane kunnskap om kva tiltak ein kan gjere, og ikkje nødvendigvis er forslag dei ønskjer. Når det kjem til forslag om å sentralisere tilbodet til funksjonshemma barn, ser han potensielle oppsider med å samle ressursar og skape eit godt fagleg miljø, samt eit sosialt miljø for dei aktuelle elevane. Han skjønner likevel at forslaget kan bli oppfatta belastande for elevar med funksjonsnedsetting og deira føresette.

— Sjølvsagt er det sårbart, understrekar Eide.

Dette er den skisserte innsparinga Håvard Rørtveit (H) reagerte mest på når han såg.

— Det er eit utruleg dårleg forslag som ikkje er i tråd med korleis skulen skal vere. Ein skal passe på at alle elevar får den oppfølginga dei har krav på skulen sin. Det blir feil å flytte enkeltelevar fordi det er økonomisk gunstig, meiner Rørtveit.

Ber politikarane sette ned foten

Ifølgje Google Maps tar det 43 minutt å køyre ein veg frå Imsland skule til Skjold skule, den lengste potensielle ekstra reiseruta ein elev kan få om den skisserte innsparing blir ein realitet. Brandvik viser til at likestillings- og diskrimineringslova slår fast plikten til universell utforming.

— Vindafjord kommune kan ikkje planlegge for aktiv diskriminering av barn med funksjonsnedsettingar. At eit slikt forslag faktisk ligg på bordet er som å skru klokka mange tiår tilbake. Kommunestyret må sette ned foten for dette grove overtrampet, avsluttar Brandvik.

Powered by Labrador CMS