Statssekretær Elisabeth Sæther i olje- og energidepartementet.
FOTO: NAINA HELEN JÅMA NTB/KOMMUNIKASJON
Kraftlinja
Statssekretær om kraftlinja: — Viktig at det ikkje går for lang tid
Utgreiingar kring jord- og sjøkabel som eit alternativ i Statnett sin omstridde søknad om luftlinjetrasé frå Blåfalli Kvinnherad til Haugaland Næringspark i Gismarvik i Tysvær, er ein del av det Olje- og energidepartementet (OED) no ser på i arbeidet med Statnett sin søknad om Blåfalli-Gismarvik-linja.
Det stadfestar statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i OED overfor Grannar. Som Grannar melde fredag hadde Etne kommune og OED eit Teams-møte om saka fredag. Det kom i stand etter kommunen kravde dette etter å ha fanga opp signal om at ei avgjerd straks skal vere klar.
— Godt og ærleg møte