Sist veke var kommunikasjonsrådgjevar Marianne Veggeberg og konserndirektør for nett, Elisabeth Vike Vardheim frå Statnett på besøk i distriktet og for å dela sine tankar om straumsituasjonen her.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Statnett: Viktig å få straumen raskt fram
Sist veke besøkte Elisabeth Vardheim distriktet, saman med kommunikasjonsrådgjevar i Statnett, Marianne Veggeberg. Ein av grunnane for besøket var for å besøka Statnett sine tilsette på Haugalandet.
— Saman med eit området heilt i nord, er Bergen og Haugalandet øvst på lista over områdeplanar me jobbar med. Det seier ein del om behovet for straum, når me set prosjekta i distrikta her så høgt. Det er mange som bankar på døra vår med behov for meir straum, så her må me prioritera høgt for å tilfredsstilla behovet, seier Vardheim.
Stort behov for straum