Grethe Tesdal peikar mot Høylandshovda der det er planlagt store høgspentmaster midt i naturen i Etnefjellet. Også i Strypeheiene, på toppen av fjellet bak Johan Strømsvold (t.v.) og Dag Neraal, er det planlagt master. Dette kjempar trioen i mot med nebb og klør.
Foto: Grethe Hopland Ravn
— Statnett feilinformerer
Trioen som utgjer den tekniske gruppa som kjempar for at kraftutbygginga mellom Blåfalli i Kvinnherad og Gismarvik i Tysvær skal gå gjennom kablar i jord og sjø, er på Tesdal for å ta fjella i nærare augesynd. Herfrå kan dei sjå både Strypeheiene og Høylandshovda som fri natur, og dei kjempar med nebb og klør for at det skal vera slik, også i framtida.
— At store monstermaster, utstyrt med 420 kV kraftleidningar skal bli ein del av dette bildet, kan me ikkje akseptera. Det blir eit inngrep i naturen som kjem til å gå ut over både dyreliv, og den frie naturen, seier Grethe Tesdal.
Trur på sprekk