Kongebesøket
Stas med kongebesøk
Midt på festplassen står tre festkledde damer med flagget i hand og med eit stort smil om munn. Dei har tatt turen heilt frå Haugesund for å få eit glimt av dei kongelege heidersgjestene og nå storkosar dei seg i solskinet.
— Fantastisk å sjå kongeskipet
— Me kom for å sjå kongen. Det er ein flott konge me har. Og det var fantastisk å sjå kongeskipet som kom inn fjorden. Dette er stort, seier Ingrid Reim, Elin Rasmussen og Jenny Kristine Næss og smiler breitt.