Slik blir det nye Langfoss panorama sjåande ut. Eit bygg - under bakken - men likevel med spektakulær utsikt over fjord og fjell. Foto: Holon arkitekter
Slik blir det nye Langfoss panorama sjåande ut. Eit bygg - under bakken - men likevel med spektakulær utsikt over fjord og fjell.

Startar snart bygginga

Investorane håpar på byggestart i slutten av november og opning av det nye signalbygget ved Langfoss 1. juni neste år.

Publisert Sist oppdatert

— Forhåpentlegvis set vi spaden i jorda i slutten av november, fortel Nina Kaltwasser.

Ho har truleg selt den siste isen frå den litle kiosken på rasteplassen ved mektige Langfoss, ein kiosk ho sjølv har drive i 10 år. For ei og ei halv veke sidan søkte arkitektsfirmaet Holon Haugesund AS på vegner av Langoss Eiendom AS Etne kommune om igangsettingsløyve for grunnarbeida på staden. Den er no til handsaming hos kommunen.

Det planlagde servicebygget, som vil gi gjestane panoramautsikt over fossen og den flotte Åkrafjorden, skal romme både butikk, kafé og serveringslokale. I bygget skal det også driftast offentlege toalett på vegner av Statens vegvesen, som for eit par år sidan utvida parkeringsareal på sørsida av E134 ved Langfoss.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS