Stal våpen, sølv og pengar

Onsdag kveld fekk politiet melding om at uvedkomande hadde gjort innbrot i ein bustad […]

Publisert Sist oppdatert

Onsdag kveld fekk politiet melding om at uvedkomande hadde gjort innbrot i ein bustad nær Vikedal sæter. Her blei det stole eit salonggevær, kontantar og ein del sølvtøy.

Politiet som rykte ut til åstaden, pågreip natt til torsdag ein mann i 30-årsalderen i Haugesund, og på same adresse blei tjuvgodset frå Vikedal funne.

— Det blei også observert ein mannsperson inne på eigedommen til Vikedal sæter i går morgon om lag klokka 05.00. Dette kan vera same personen som blei pågripen i Haugesund, og me ønskjer tips dersom publikum har sett noko, seier lensmann ved Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt Ingvard Gjærde.

Gjærde opplyser også at det er mistanke om at tjuvane køyrde ein grøn Volkswagen Caravelle, og denne bilen skal ha vore i Vikedal i løpet av dagen i går.

Politiet etterlyser også tips om ein Seat pizzabil som er stolen frå ein bustad i nærleiken. Registreringsnummeret er SC 90836.

Dessutan har politiet lite å gå etter når det gjeld tagginga på Vikedal sæter tidlegare i haust.
— Det er mistenkeleg stille kring skadeverket på Vikedal sæter. Det bør vera nokon som har sett, høyrt eller fått med seg noko i denne saka. Me har fått nokre tips, men treng framleis meir, seier Gjærde.

Powered by Labrador CMS