Elevane ved Vats skule møtte opp utanfor Vindafjordtunet for å syngja julesongar for bebuarar og tilsette.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Spreidde juleglede med vakre juletonar
Klokka nærmar seg halv ti fredag føremiddag ei lita veke før jul og nattemørket har så vidt begynt å sleppa tak. Inne på Vindafjordtunet er tilsette og bebuarar i ferd med å benka seg framføre vindauga, og i spenning ventar dei på flokken med skuleungar som snart kjem til syne nede i vegen. Heile Vats skule har lagt skulebøkene til side nokre timar denne føremiddagen for å spreia litt ekstra juleglede til bebuarane ved sjukeheimen som har vore så hardt ramma av covid-19-smitte, og med vakker julesong vil dei ynskja alle inne på omsorgssenteret ei hjarteleg god jul.
— Det er kjekt å få gje litt ekstra merksemd til dei gamle. Det er veldig dumt at dei ikkje har hatt besøk på lenge, men eg håpar det blir betre etter jul, seier skuleelev Veslemøy S. Gregersen og syntest det er kjekt å få syngja julesongar for bebuarane på huset.
— Skulen pleier å syngja her på 17. mai og me har også sunge her før jul under Lucia-feiringa. Det var veldig kjekt å syngja, men me hadde øvd litt lite, seier femteklassingen.