Over 100 deltakarar sprang til innsats for misjonen.
Foto: Kåre Vignes
Sprang inn 880.000
Misjonsløp er blitt ein tradisjon på Lundeneset vgs. og for sist veke stilte over 100 deltakarar opp for å samla inn pengar til ulike prosjekt som Norsk Luthersk Misjonssamband driv i Kenya og Tanzania. Resultatet enda på 880.000 kroner. Elevane skaffa sjølv sponsorar som støtta med fastbeløp eller rundebeløp.
— Eg er veldig fornøgd. Medelevane mine har gjort ein god innsats, både med å skaffa sponsorar og å springa sjølv, seier prosjektsjef i russen på Lundeneset, David Hovda og ynskjer å takka alle sponsorane for støtta.
Pengane går til alt frå evangeliearbeid til opplæring.