Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) er skuffa og håpar gul stripe over Fikse blir plasteret på såret.
Spørsmålet om bompengar lokalt kjem opp
Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord opplever at gul stripe mellom Etne og Ølen er sett på vent. — Når Bakka-Solheim dukka opp med midlar i NTP, vil vi satse alt på det og la gul stripe vere andrevalet, seier han.
Han meiner breiddeutvidinga over Fikse med gul stripe er i eit vakuum etter at E134 Bakka-Solheim er ført opp med midlar i Nasjonal Transportplan for det neste dryge tiåret.
Både i Statens vegvesen og lokalt i Etne og Vindafjord var det godt håp om at arbeidet med gul stripe på E134 over Fikse kunne starte opp i vinter. Men prosjektet har førebels ikkje finansiering.
Etne-Ølen på dagens E134 hadde plass i Statens vegvesen sitt handlingsprogram som no er omdøypt til gjennomføringsplan. Oppdatert prislapp er 200 millionar.