Bjørn Magne Vigre oppdagar stadig fleire sjuke asketre rundt hytteeigedomen sin i Nedre Vats.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Soppsjukdom tar knekken på askeskogen
Dei siste åra har hytteeigar Bjørn Magne Vigre frå Stavanger oppdaga at fleire av asketrea ved hytteeigedomen hans i Nedre Vats er i ferd med å døy som følgje av sjukdom. Nå fryktar han sjukdomen vil spreie seg og føra til at fleire tre blir utrydda.
Det er ikkje berre i Vats den skumle sjkudomen herjar. Den er i ferd med å spreia seg over heile landet, og risikerer å ta knekken på all askeskog. Hytteeigaren frå Stavanger er fortvila over det han ser.
— Trea tørkar ut. Noko angrip skota, seier Bjørn Magne Vigre og peikar på ei knippe tre som står i vegkanten ikkje langt frå hytteeigedomen hans i Stokkastrandvegen i Nedre Vats.
Hytte og leidningar trua