Lesaren melder
Sommarmarknad på Ebne
Laurdag var det igjen yrande folkeliv rundt det vesle gamle skulehuset i svingen på Ebne på Skånevikstrand. Fram til 1957 gjekk borna i krinsen Sandvik, Ebne og Lauvvik på skulen her.
Huset blir i dag drifta av Boksamlinga Gurine og Johan Ebnes minde, og er ein viktig samlingsstad for folket tilhøyrande den gamle skulekrinsen.
Til vanleg er det ope for drøs og utlån av bøker omlag 6 gonger i året. Men av og til skjer det noko ekstra, slik som nå. Etter 5 års pause var det igjen klart for sommarmarknad. Både fastbuande og feriegjester, samt tilreisande var velkomne til hygge og handel frå kremmarar, i alle aldrar.
Det var også sal av både rømmegraut, multekrem, grillmat, kaffe og kaker til inntekt for drifta av skulehuset. Mange frå dei tilknytta grendene var involvert i gjennomføringa av arrangementet, men aller travlegast var det nok for dei engasjerte styremedlemmene Kari Johansson, Sarah Marie Ness Håland og Silje Malene Garvik, som stod i spissen for arrangementet.
Marknaden hadde vêret på si side, og omlag 140 sommarstemte gjester møtte opp. Varierte aktivitetar som lykkehjul, natursti, leikar, åresalg m.m. stod på programmet.
Dette vart eit koseleg sommarminne for dei som deltok.
Liv-Ellen Ebne