På tampen
Snart livnar det i lundar
Det går mot lysare tider, og me får tru at naturen er tru mot sitt kall, og let sevja stiga. Som alt anna er det lenge sidan, men det var ein vår, kanskje var det fleire, då me skar av tuppen av ei grein på ei eller anna bjørk, og tredde ei flaska inn på det som stod att. Føremålet med tiltaket var å skaffa oss bjørkesaft. Dette var noko Besten fatta interesse for. Han gav seg å fortelja frå gutedagane i Ålvik. Der og dreiv dei og å hengde flasker på bjørkegreiner, men ikkje berre det, dei skar og runde hol i borken på bjørkestammer og trykte ei trådsnella inn i der. Så var det å surra eit spann under snella, på det viset samla dei bjørkesaft frå stamma på treet, og ikkje berre frå greinene. Det var skilnad på smaken om safta var tappa frå greinene eller på stamma, fekk me vita. Men då me ymta frampå at me ville ha sukker oppi bjørkesafta var det nett som at han mista interessa, og gjekk i frå oss, og heldt fram med sitt.
Snart mista me interessa for bjørkesafta me andre og, og no er det lenge sidan eg har sett teikn på at nokon driv med slik matauk. Etter som åra kom og gjekk, og me vaks meira og meira til, og flytta lenger og lenger bak i skulebussen, og berre sat der og venta på heimturen, så kunne det vel henda at det kom eit hodyr av menneskeslekta i sånn nokolunde fertil alder gåande forbi. Då var det gjerne ein slik framfusen ein, ein som liksom ville ha litt greia på ting, som reiste seg halvegs opp i setet og ropte ut Sjå den rævo». Det gjorde aldri eg. No var det ikkje slik at eg var hemma og forknytt etter streng tukt frå det som gjerne vert kalla Kristne dømmesyke mennesker frå Vestlandet», og dermed sat der og verkte etter å reisa meg opp og ropa ting etter folk som gjekk forbi bussen. Eg kom rett og slett ikkje på det, såg det i alle fall ikkje som mi oppgåva. Hadde eg prøvd meg på den slags, hadde det neppe enda som stort anna enn ei form for ufrivillig komikk. Nei eg seier som gode gamle Bjørnstjerne Ibsen Best det var at det gikk som det gikk»
Men eg såg rævo.
Steinar Aalvik