Atle Berge ved fabrikken i Murmansk. I handa har han manuskript til boka som snart kjem på marknaden.Foto: Privat
Atle Berge ved fabrikken i Murmansk. I handa har han manuskript til boka som snart kjem på marknaden.
Fabrikkanlegget i Murmansk sommarstid.Foto: Privat
Fabrikkanlegget i Murmansk sommarstid.
Fabrikkanlegget i Murmansk i vinterdrakt.Foto: Privat
Fabrikkanlegget i Murmansk i vinterdrakt.

Snart klar med bok om spionmistanken

I desse dagar er betongründer Atle Berge (72) frå Ølensvåg i ferd med siste finpuss av ei ny bok om hans hendingar knytt til spiontiltalen i 2016. Boka er ført i penn av forfattar Alf R. Jacobsen.

Publisert Sist oppdatert

— Dette er ei framstilling av det som hende meg på 2010-talet og det som viste seg å vera ei stor geopolitisk verdshending. Bakgrunnen er at eg blei spurd av Norsk etterretning om å vera spion. Boka handlar om det som hende meg etter dette, seier Atle Berge på telefon frå Murmansk.

Bakgrunnen for Atle Berge sin unike historie som spionsikta går over 15 år tilbake i tid. På byrjinga av 2000-talet oppretta Ølen Betong ein betong og betongelement-fabrikk i Murmansk i Russland. På den tida var Berge eigar av betongkonsernet med hovudkontor i Ølensvåg og såg moglegheiter i å investera i nabolandet i aust.

Fabrikken stod ferdig i 2008. Berge var ansvarleg for drift og hadde av den grunn mange turar til byen på Kolahalvøya nordvest i Russland.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS