Det var stor utrykking frå fleire brannstasjonar, men Sandeid brannvesen fekk rask kontroll over flammane frå bakken. Foto: Jon Edvardsen
Det var stor utrykking frå fleire brannstasjonar, men Sandeid brannvesen fekk rask kontroll over flammane frå bakken.
Det var stor utrykking frå fleire brannstasjonar, men Sandeid brannvesen fekk rask kontroll over flammane frå bakken. Foto: Jon Edvardsen
Det var stor utrykking frå fleire brannstasjonar, men Sandeid brannvesen fekk rask kontroll over flammane frå bakken.
Sandeid kyrkje i dagslys etter brannen i natt.Foto: Elin Lothe Haga
Sandeid kyrkje i dagslys etter brannen i natt.
Brannen vart meldt klokka 00.42 i går natt etter at lynet slo ned i tårnet i Sandeid kyrkje. Snorkelbil frå Haugesund til høgre. Foto: Jon Edvardsen
Konsulentar har laga rapport om samarbeidsproblem og misnøye i Haugaland brann og redning. Å styrke lokal involvering og styring på dei 20 brannstasjonane er eitt av forslaga. Her frå brannen i Sandeid kyrkje.
Det er førebels ukjent kor stort skadeomfanget er. Foto: Jon Edvardsen
Det er førebels ukjent kor stort skadeomfanget er.
Kraftig skade i tårnet etter brannen i natt.Foto: Elin Lothe Haga
Kraftig skade i tårnet etter brannen i natt.

Slo ned i tårnet

Kraftig lyn slo ned i Sandeid kyrkje i natt, og tårnet stod i full fyr.

Publisert Sist oppdatert

Rask handling frå Sandeid brannvesen hindra at flammane fekk spreie seg vidare i bygningen.

Det var full utrykking frå brannstasjonane i Sandeid, Ølen, Etne og Skjold, og i tillegg kom det snorkelbil frå Haugesund.

— Det var eit kraftig smell og eg hoppa i senga, fortel Kjell Selvaag i Sandeid brannvesen om det lokale uvêret med kraftig nedbør med lyn og torden.

Blåste ut

— Brannen har truleg starta ved lynnedslag i tårnet og to vegger er blåst ut, opplyser operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt som fekk melding om brannen klokka 00.42.

Utvendig er det tårnet som er brannskadd, og restverdibil var på plass i Sandeid i natt.

Politiet meldte seinare om natta at brannen var under kontroll.

Powered by Labrador CMS