leiar for utval for drift, utvikling og kultur.Jan Idar Haugen (Sp) skal i gang med arbeidet med å laga eit fleirtalsbudsjett saman med KrF og Ap. Foto: Svein-Erik Larsen
Leiar Jan Idar Haugen (Sp) i Utval for drift, utvikling og kultur (DUK) ser på det som eit kjempeviktig ansvar for politikarane å passe på at vatn- og avløpsavgiftene til innbyggjarane ikkje spring løpsk.

Slik reagerer politikarane på budsjettforslaget

Dei første tankane til fleire av kommunepolitikarane i Vindafjord tyder på at kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt budsjettforslag var omtrent som dei hadde venta.

Publisert Sist oppdatert

— Det er eit budsjett utan store overraskingar eller krumspring, seier Jan Idar Haugen (Sp).

Også varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) og Mats Årvik (Frp) omtalar budsjettforslaget som cirka slik dei hadde forventa. Fleire av politikarane understrekar at dei tysdag nettopp har fått sett kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sin presentasjon av forslaget, og følgeleg ikkje har gått i djupna på tala ennå.

Skeptiske til skulekutt

Enkeltforslaget som møter mest skepsis er kuttet i tre årsverk hjelpepersonell på skulane. Wenche S. Lilleland (Ap) fortel at ho er uroleg og vil jobbe for å behalde desse.

— Skulane treng stillingane. Dette er godt førebyggande arbeid, seier Lilleland.

Årvik minner om at Frp, i motsetnad til fleirtalet, fjerna kutta heilt frå sin økonomiplan i fjor. Dei tar sikte på å behalde stillingane framover.

Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) omtalar forslaget som eit forholdsvis moderat budsjett, med bekymringsfullt lågt driftsresultat. Guri Ravatn (SV) merker seg at klimabudsjett ikkje vart nemnd under presentasjonen.

Glad for gjennomgang

Modolf Haraldseid (H) synest generelt kommunedirektøren sitt forslag er nøkternt med mange gode tiltak. Han trekker fram at budsjettet til pleie og omsorg skal styrkast, og at det skal setjast av midlar til å utgreie konsekvensane av eldrebølga. Årvik er glad for forslaget om å bruke ein million på ein ekstern gjennomgang av drifta.

— Her kan me forhåpentlegvis få nye tiltak som gjer at me kan drive smartare og billigare, seier Årvik.

Jan Idar Haugen (Sp) synest Folven Bergesen kom med eit par spennande forslag som dei må vurdere i eit kost-nytte perspektiv og opp mot andre gode tiltak. Framover skal det vere møte mellom partigruppene til fleirtalskoalisjonen Sp, KrF og Ap.

— Me må sette oss meir inn i tal og bakgrunn, og forhandla fram eit budsjettforslag til kommunestyremøtet i desember, avsluttar Haugen.

Powered by Labrador CMS