Kultur
Slepp ny låt
Torsdag 23. august slepp Nils Erik Eide, med artistnamnet Nilsy, ny låt. Eide er frå Vikedal og har vore lokal artist i mange år, både aleine og saman med andre frå distriktet. Han har gitt ut andre låtar som Jentene på benken, Fjelltur, Nødslakt, Bygda mi og Venner.
Den nye låta Grovskjeva med smør og kvitost på» er ein hyllest til far hans, Einar. Det er 10 år sidan han skreiv låta, som blei ein del av sorgprosessen.
Annonse
— Denne songen beskriv far min på ein god måte, seier Nils Einar Eide i ei pressemelding.
Tittelen på songen kjem av at far hans ikkje var så kresen og at han unna seg sjølv lite, men tenkte heller på sine store og små».