Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Skorar høgt på kompetanse og sysselsetting

Publisert Sist oppdatert

Kommune-NM er ei årleg rangering av økonomiske prestasjonar og rammevilkår for næringslivet i kommunar i Noreg. Årets rangering er basert på statistikkar frå Statistisk sentralbyrå og NAV frå 2019, og dekkjer dei fem områda næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Næringslivindikatoren uttrykkjer vekstkraft i privat næringsliv medan arbeidsmarknad dekker sysselsetting, sjukefråvær og arbeidsledigheit.

Sola på topp

Demografi er basert på befolkningsvekst og nettoinnflytting, og kompetanse viser nivået med omsyn til mellom anna høgare utdanning og tilbod av arbeidskraft med fagprøvar. Indikatoren kommuneøkonomi ser på ulike sider ved kommunesektorens økonomiske robustheit. På landsbasis gjekk Sola kommune av med sigeren under årets kommune-NM, medan Kvæfjord kom på jumboplass. Vindafjord kommune enda på plass nummer 21, og Etne kommune kom på plass 81. Rogaland fylke kom på andreplass blant alle landets fylke, berre slått av Oslo. Vestland fylke fekk ein femte plass. Etne kommune blei rangert til plass nummer 16 i Vestland fylke, og Vindafjord sikrar seg ein flott femteplass i sitt fylke.

Powered by Labrador CMS