Kvisting, Åsvald Imsland i aksjon.
FOTO: Silje Skibevåg
Skogsarbeidaren må fylla vedlageret
— Det var verre for nokre dagar sidan, då snødde det så det var vanskeleg å halde fyr i kaffibålet, ler Åsvald Imsland medan han lagar klar ein kubbe til å setje kaffikjelen på.
Etter fleire veker med gnistrande kaldt vintervèr har det minka godt på veden rundt om i bygdene. Samstundes er det gode forhold i skog og mark for å produsera meir og mange nyttar denne flotte vintertida til arbeid på skogen. Nokre produserer til eige bruk, andre for sal.
— Det som vert produsert nå er klart til neste fyringssesong, forklarar Imsland, men legg til at det òg er mogleg å få ved klar til bruk same sesong som den er henta ut av skogen. Då må ein derimot ha ein vedtørkar og optimale forhold.