I front for grøn energisatsing: Thor Henrik W Hagen skal leia det nye hydrogenselskapet som SKL etablerer saman med Liquiline AS.
I front for grøn energisatsing: Thor Henrik W Hagen skal leia det nye hydrogenselskapet som SKL etablerer saman med Liquiline AS.
Faksimile frå Grannar 14. mars 2019
Faksimile frå Grannar 14. mars 2019

SKL etablerer hydrogenselskap

SKL og bergenselskapet Liquiline AS etablerer Hydrogen Solutions AS for å auka satsinga på grøn hydrogen. Fjæra i Etne kommune er blant fleire aktuelle stadar for produksjon.

Publisert Sist oppdatert

Gjennom det nyoppretta selskapa har dei to partane ein ambisjon om å bli totalleverandør innan grøn hydrogen med fokus på maritim sektor i første omgang. Hydrogen Solutions AS som nå er under registrering i Brønnøysundregistrene, får Kvinnherad, men planane er å sjå på lokal produksjon ved fleire lokasjonar.

Dagleg leiar i HYDS, Thor Henrik W. Hagen seier det er mykje spennande som nå skjer på hydrogen-fronten og at dei har lyst til å vera med på denne utviklinga. Han jobbar til dagleg som forretningsutviklar i SKL.

— HYDS vil tilby skalerbare løysingar som er spesielt godt eigna for lokal produksjon, noko som også vil gi lokal verdiskaping. Blant anna vurderer me å utnytta ressursane i Fjæra der SKL er i gang med kraftutbygging gjennom Håfoss Kraftverk AS, så det ligg an til å skje mykje spennande i Åkrafjorden-området i denne samanhengen, seier Hagen til Grannar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS