Krev at skjenkestoppen blir oppheva.
Illustrasjonsfoto: Bergen Næringsråd
— Skjenkestoppen må avsluttast nå
Situasjonen er katastrofal innan publikumsretta næringar som servering, kultur og reiseliv. Skjenkestoppen må snarast avsluttast. Næringslivet må òg kompenserast for straumrekningar som har auka med meir enn 50 prosent.
Dette er hovudbodskapen frå Næringsalliansen, som representerer meir enn 3.000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar i heile Vestland fylke. Ei stor medlemsundersøking mellom desse fortel om svært store skilnader. Undersøkinga viser at nye nedstengingar og høg straumpris er mellom dei største utfordringane for medlemsbedriftene akkurat no.
— Olje og gass, sjømat og maritim næring går veldig bra, men innan servering, kultur og reiseliv er situasjonen katastrofal for mange. Dei har vore svært utsette gjennom hele pandemien. Nå er kassen tom. Får dei ikkje no den stønaden dei treng i tide, vil mange ikkje klar< seg. Fleire vil tape livsverka sine, seier Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd, i ei pressemelding.
Det som hastar aller mest for desse, er at skjenkestoppen vert fjerna. Sjølv ei ordning med avgrensa skjenketider, til dømes til klokka 22.00, vil vere til hjelp og gjere det mogleg å opne utestadar som nå er stengde, meiner Næringsalliansen der Fiske Næringsforein Etne og Vindafjord er blant medlemane.