Frå då Rune Vestbø var ute og køyrde skispor måndag morgon. Skjermdump: Skiløypestatus Fjellstøl, Olalia og Opheim Facebook
Skisesongen er i gang
— Eg har snakka med folk som har vore inne på fjellet i dag, og dei sa at dei var heilt tipp topp, fortel Vestbø på ettermiddagen.
Han har håp om snøen skal vare ute veka.
I ein video på Skiløypestatus Fjellstøl, Olalia og Opheim si Facebook-side om morgonen viste han fram forholda. Der sa han at skisesongen nå er opna og fortalde at løypene var køyrde heile runden frå Fjellstøl og inn til Olalia.