Sven Erik Gabrielsen (t.v) og Espen Olsen Espedal frå forskingsinstituttet Norce sjekkar Etneelva både over og under vatn.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sjekkar elvevassdrag i Etne
Tilstanden til Etneelva, inklusive Nordelva, Sørelva, Fretteelva og sidebekker, blir i desse dagar grundig sjekka for å finna ut kva som kan gjerast for å betra forholda for fisken i vassdraget.
Tilbakevending av laks og aure til elvevassdraget i Etne blir dårlegare år for år. For å finna ut kva som kan gjerast for å betra forholda for fisken i elva har Etne elveeigarlag sett i gang ei grundig kartlegging av tilstanden i elva.
— Me vil prøva å gjera tiltak og betra gyteforhold og oppvekstvilkår for laks og aure, seier leiar i Etne elveeigarlag, Anders Aune.
Gjennom ei kartlegging utført av det forskingsinstituttet Norce vil elveeigarane få ein peikepinn på korleis det står til med mellom anna gytegropner, sidebekker, tersklar og avløp.