Biogass
Siste: Renevo gir opp Etne – tomta på Tongane kjem for sal
Det blir ikkje noko biogassfabrikk på Tongane. Renevo Etne AS blir avvikla, og den meir enn 20 mål store tomta blir lagt ut for sal.
Grannar kunne tysdag fortelje at dei nye eigarane av Renevo AS, selskapet som opphaveleg hadde planar om å byggje sin fram til no største fabrikk i Etne, har kjøpt aksjemajoriteten i Biovind AS i Vindafjord.
Ikkje nok råstoff
Grannar skreiv allereie tysdag at det synast nokså klart at det betyr kroken på døra for Renevo sine planar i Etne, då det neppe finst råstoffgrunnlag for to slike fabrikkar i Grannar-distriktet.
Ingen i korkje Renevo, Biovind eller det nyetablerte HeyGaz Norway AS - som er namnet på selskapet som etter all sannsynligheit er dei formelle nye storeigarane i Biovind haar ville stadfeste dette.
Tomta kjem for sal
Men onsdag formiddag kom det ei pressemelding frå Åsbø Eiendom AS, som hadde avtale om sal av den aktuelle tomta på meir enn 20 mål på Tongane industriområde.
— Åsbø Eiendom AS, Åsbø Eiendomselskap AS, Etne Eiendomsselskap AS og Renevo Etne AS har blitt einige om å ikkje gjennomføre det avtalte kjøpet av gnr. 32, bnr. 66, 97 og 102 i Etne kommune. Det er ikkje nokon gjenværande usemjer mellom partane, og eigedommane vil snart bli lagt ut for nytt sal. Renevo Etne AS vil bli avvikla innan kort tid, heiter det i pressemeldinga.
Åsbø Sanddrift hadde aktivitet på den aktuelle tomta fram til 2022, men verksemda blei avvikla i samband med salet.
— Bør være interessant
Styreleiar Bjørn Åsbø i Åsbø Eiendom AS ønskjer ikkje å kommentere detaljar kring kva avtale Renevo har hatt utover det som står i meldinga, men gjer det klart at det er ei flott næringstomt som snart bli lagt ut for sal.
— Det er over 20 mål sentrak tomt i Etne som bør være interessant for mange, seier han til Grannar.