Siste reis for asfaltverk
I slutten av desember 2022 gjekk det siste lasset med asfalt ut frå NCC sitt anlegg på Tongane i Etne. Nå er dei siste restane etter bedrifta i ferd med å jamnast med jorda.
— Nå blir det jobba med å ta ned fabrikken. Når arbeidet er gjort vil me sanera området og leggja det ut for sal, seier Tor Heimdal i NCC.
Bit for bit blir fabrikken plukka frå kvarandre. Det meste av materialet blir resirkulert til skrapjern, medan somme deler blir gjenbrukt.
— Fabrikken har vore i mange år og det meste blir til skrap, seier han.
Innleigde selskap tek seg av både riving og sanering av området, og går alt etter planen vil tomta blir lagt ut for sal utpå nyåret.
Nye tider
Asfaltverket på Tongane har i mange år levert asfalt til kundar i distriktet, men med endringar i marknad var fabrikken ikkje lenger liv laga. Like før jul i 2022 blei det siste lasset med asfalt levert frå fabrikken og i januar 2023 var verket historie.
— Marknaden endra seg og me hadde ikkje behov for fabrikken. I dag har me fabrikkar i Bergen og på Tau som dekkjer det tidlegare området. Sjølv med transport blir det meir lønsamt, seier Heimdal.
NCC
NCC er eit stort entreprenørselskap innan bygg-og anlegg. Selskapet er etablert i Norge, Sverige, Danmark og Finland og er invorlert i alt frå bygging og næringsbygg til store infrastrukturprosjekt som vegar, bruer og offentlege bygningar.
Asfaltproduksjon er ein del tilbodet til entreprenørselskapet som leverer asfalt til kundar frå Trondheim og sørover.
— Me har 10 faste asfaltverk og to mobile fabrikkar, seier Heimdal.